Nytt trenarteam til A laget

Endeleg er det avklart kven som skal trena A laget vårt i 3.divisjon.

Knut Bjarne Fotland vert hovedtrenar og Geir Karstensen vert hjelpetrenar. Dei har dei siste sesongane trent Dale sitt herrelag, som siste sesong spelte i 4. divisjon.

Dei har i første omgang tegna ein 1 års kontrakt.

Etter at laget såvidt berga plassen i siste kamp i fjor, er målsetjinga vår å etablera eit lag på sikker plass i 3. divisjon og vera det førande laget i Nordhordland på herresida.

Det er stengt for kommentarer.