2 – 1 seier til A laget i årets første treningskamp

Årets første treningskamp vart spelt på kunstgrasbana i Austmarka laurdag 2/2 2013.

Ei litt sleip og glatt bane etter snøfallet i natt, gjorde at det ikkje blei vist den heilt store fotballen, men det var likevel god innsats frå to nokså jamne lag.Vik gjekk opp i 1 – 0 leiing i midten av første omgang, men 10 minuttar seinare snudde Radøy kampen med to raske mål. Først 1 – 1 etter fint samspel mellom Andre Fivelsdal og Sindre Marøy, der sistnemnte var sist på ballen og styrte den i mål. Eit minutt seinare var Sindre frampå igjen og lobba ballen perfekt over keeper og i mål. Radøy Manger mangla fleire av dei faste spelarane, som enten er skada eller ikkje kunne vera med i dag, så viss dette fortset, lovar det godt for komande sesong.

Det er stengt for kommentarer.