Elektronisk handsaming av overganger

SamtykkeskjemaNFF går no over til elektronisk handsaming av overganger via Fotballens informasjons- og kommunikasjonssystem (Fiks).
Det er leiar Arne Askeland og kasserar Solbjørg Helland som har fullmakt til å gjennomføra overgangane i Fiks.
Trenar eller lagleiar ordnar som tidlegare med at skjema blir fylt ut og leverer enten original eller scanner dokumentet i pdf-format til ein av dei fullmektige.
Det er skjemaet “Samtykkeskjema-elektronisk overgang” som skal nyttast, både for overganger og endring av klubbtilhørighet.
Skjemaet og praksisen ligg under overgang heimesida. Merk at også føresett skal signere for dei under 18 år.
(Endring av klubbtilhørighet: Dette kan no berre benyttast der gammal klubb er nedlagt. Alt anna må via overgang.) I ein overgangsfase fram til 1.6.13 har me lov til å bruke dei gamle overgangspapira. Me ser likevel helst at elektronisk overgang blir teke i bruk snarast.

Det er stengt for kommentarer.