Overgangsreglement

Det er gjort ein viktig endring i overgangsreglementet som gjeld frå i år og det er at perioden for overgang for amatørspelar, er 1. januar – 10. september. Tidlegare var fristen 1. august.

Dette er verdt å merka seg, dersom det er aktuelt for spelar å melda overgang for å spela haustsesongen i ny klubb. I praksis bør ny klubb senda overgangspapira til gamal klubb seinast 1. september, for dersom gamal klubb ikkje svarar ny klubb når 8 dagar er gått, kan ny klubb senda inn overgangspapira og spelar er klar for ny klubb innan fristen.

Det vert ikkje gjeve dispensasjon etter at fristen er gått ut.

Husk at det er det nye samtykkeskjemaet som no gjeld for overgang. Ikkje bruk det gamle skjemaet, sjølv om det er godkjent fram til 1.juni.

Det er stengt for kommentarer.