Barnefotballkveld 17. februar på Radøy Ungdomsskule

ufotball
RMFK inviterer til barnefotballkveld på Radøy ungdomsskule 17.februar 2015 kl. 17:30-21:30.
Fotballkretsen stiller med instruktørar – ingen påmelding, berre å møte opp på skulen.
Styret i RMFK oppmodar trenarar/lagleiar/foreldre til å delta. Er du engasjert i et barnefotballag i Radøy/Manger FK? Er du trener eller lagleiar?. Har du nokon gong lurt på korleis du kan få meir og betre aktivitet for dine spelarar? Me inviterer til ein kveld der me har fokus på å lage gode og effektive økter for 7-12 åringane.
Kurset «Barnefotballkvelden» består av 2 x 45 min. med teori og 2 x 45. min i praksis med gjennomgang av øvelsar ute på treningsfeltet, og som gjev konkrete tips som kan brukast i den daglege treninga. Kurskvelden er gratis, så det vert ingen kostnader for klubben eller deltakarane.
I den teoretiske bolken ser me på temaer som: verdiar og retningslinjer i ungdomsfotballen, hospitering/differensiering og på trenarrolla.
I den praktiske økta vil det bli vist eksempler på ei god oppbygging av økta, god organisering/inndeling og gode øvelser/aktivitetar for ungdom.
Kvelden er et lavterskeltilbod og ein treng ikkje å ha vore på kurs, eller ha lang trenererfaring i forkant. Det vil verte tid til å kome med spørsmål og diskutere ulike problemstillingar. Ellers er kvelden meint å kunne gje litt ekstra inspirasjon og auka forståing for heilheten i klubben. I tillegg er dette meint som en «appetittvekker» for «trener c lisens» kursa.

Det er stengt for kommentarer.