Utdeling av gamle Radøy Manger Drakter i Brasil

Gamle Radøy Manger drakter, utdelt til born i favelaen i Brasil

Gamle Radøy Manger drakter, utdelt til born i favelaen i Brasil

Stolt ny eigar av Radøy Manger drakt i Brasil

Stolt ny eigar av Radøy Manger drakt i Brasil

Vegard Askeland som spelar på vårt seniorlag, går dette året på folkehøgskule i Fredrikstad. Dei reiser kvart år til Brasil, der dei har eit prosjekt retta mot born i favelaen i Rio de Janeiro. Skulen har med seg brukt utstyr frå Norge og Vegard spurte om klubben vår, hadde noko vi kunne bidra med. Vi hadde fleire eldre draktsett som ikkje lenger var i bruk og dette vart sendt til folkehøgskulen og tatt med ned til Brasil, der dei er i desse dagar. Borna i favelaen lever under trange kår og set stor pris på slikt utstyr som skulen har med seg.

Det er derfor kjekt å sjå at det som vi i klubben ikkje har bruk for lenger, vert mottatt med glede på andre sida av jordkloden.

Det er stengt for kommentarer.