Gutt 13

Treningstid Radøy Hallen:

Heimebane: Manger kunstgras / Austmarka kunstgras Turnering: 9`er

Trenar:

  • Rune Sævdal
    • Tlf: 92291516 / 91917296
    • Mail: rune_5b@hotmail.com

Oppmann:

——————————————————————————–

Seriestart 10.4: Åsane 3 – R/M  5 – 2.

Torsdag skulle alt som vi har øvd og trent på i vinter, endeleg visast i praksis. Seriestart mot Åsane 3 på Myrdal. Alltid litt spanande å sjå kva motstand som venta oss, erfaringa viser at Åsane kunne stilla enten med eit blodtrimma samansatt lag eller slik som oss: områdelag.

Kampen opna jamt. Vi sleit litt med å få fram godflyten, slik vi hadde mot NBK forrige veke. Det var Åsane som først fekk hol på byllen og krangla inn 1-0 rundt halvvegs i omgangen. Men ikkje lenge etterpå slo vi kontra, spelte oss kjapt fram på høgresida, der Daniel S. fekk æra av å setta inn utlikninga med eit flott skot.

2. omgangen starta med eit lite Radøypress og det såg ut til at spelet vårt satt betre. Det var difor litt ufortjent at Åsane igjen tok leiinga etter berre 5 minutt. Spelarane gav ikkje opp og berre nokre minutt etter var vi like langt. Bendik fekk ein flott stikkball, sprang frå midtforsvaret og sette kontrollert inn 2-2.

Men rundt halvegs ut i omgangen skjer det noko. Spelarane dett tilbake til det usikre spelet som vi starta kampen med og Åsane får “tak” i kampen igjen. Vi vert pressa litt bakover og Åsane får putta 3 mål til før kampen er over. Vi har også våre angrep, men fleire mål får vi ikkje.

Skryt til spelarane for innsatsvilje og godt humør og så får vi øve enda meir på avslutningar og gode samhandlingar utover våren.

Neste kamp er laurdag 26.april mot Nordre Holsnøy, i Austmarka.

Yngve.

Treningskamp 4.april mot NBK

Det var ein spent gjeng som møtte opp på Seim i dag. Ikkje berre var det sesongens første kamp, men det var også den første kampen på stor bane og med 9′ar lag.

Men det viste seg fort at det berre var trenarane som var litt overspente. Gutta tok tak frå første spark og la ned ein innsats det står stor respekt av. Vi starta med å ha eit klart overtak og pasningane satt bra mellom spelarane.  Men mål vart det ikkje før Preben tok ansvar. Han førte bakken frå eigen halvdel og ga seg ikkje før ballen sat i nettet. 1-0! Mot slutten av omgangen jevna spelet seg litt ut og det ebba ut med den eine scoringen.

I pausen bytta NBK ut heile laget og starta med 9 utkvilte spelarar. Omgangen starta med eit klart NBK-press, men forsvaret og Nils Arne i mål tok det som kom. Etter rundt 20 minutt kontra R/M og Simon lot seg ikkje be to gonger og banka inn 2-0  etter rundt 15 min. Rett etter fekk NBK betalt for presset og reduserte til 1-2 etter eit kjempeskot i krysset.

NBK hadde ballen mest, men vi var konstant  farlege på kontringar, Etter ca 25 min. kom Matias på ein overgang. Han gjekk seg fast i NBK-forsvaret. men Bendik fekk ballen med seg vidare, lurte av ein spelar og satte kontrollert i 1-3, til stor jubel frå ein gjeng hutrande foreldre på linja. :-D

Etter dette gjekk lufta ut av NBK-laget og kampen jevna seg ut. På tampen av kampen satte Simen inn Radøy/Manger sitt 4 mål for dagen og rett etter blåste domaren av.

Ein knallstart for laget, Rune såg storvegs fornøgd ut og det ser ut som vintertreninga har gjort godt!

- Yngve -

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>