Garderobar Radøyhallen

Radøyhallen

Instruks for utleige av garderobar i Radøyhallen

  1. Leigetakarane har berre tilgjege til garderobar som tilhøyrer idrettshallavdelingen.
  2. Leigetakarane vil få utlevert nøklar mot kvittering, dei er ansvarleg for at dei vert oppbevara på ein sikker måte og at garderobar og ytterdøra vert låst etter bruk. Dørene til garderobar skal vera låst når kampane pågår.
  3. Garderobane, dusjar og toalett skal vaskast og ryddast etter kvart lag som brukar dei. Dersom gangane også er skitne skal dei vaskast.
  4. Radøyhallen skal syte for at det er vaskeutstyr og reinhaldsmidlar tilgjengelege for leigetakar.
  5. Radøyhallen er ikkje ansvarlege for bortkomne ting, klær eller utstyr som er attgløymte eller om ting eller utstyr kjem vekk når garderobane er i bruk.
  6. Dersom ikkje garderobane er vaska kan Radøyhallen få dei vaska på leigetakar si rekning.
  7. Dersom det er aktivitetar i Radøyhallen som sjølv har bruk for garderobane har desse fortrinn framfor leigetakarar.
  8. Leigetakarane skal så snart terminlista er klar levera ei liste over dei kampane som skal bruka garderobane i Radøyhallen. Dersom det er kampar utanom terminlista skal Radøyhallen ha melding om det i god tid. Det same gjeld for bruk av garderobar til trening.
  9. Regel: Når treninga er ferdig skal hall og garderobar vera låst. Det er ikkje nok at me “trur” det kjem folk etter oss. Badevaktane har nøkkel.

 

Oppsynsmann.