Politiattest

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga gjaldt frå 1. januar 2009.

 

I Radøy Manger FK blir ordningen handtert på følgjande måte:

Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal framskaffe politiattest.

Dette gjerast i samråd med: Arne Askeland, e-post: arneaske@online.no, tlf: 97163102

Begge representantar har taushetsplikt overfor uvedkommande i forhold til dei opplysningar dei får kjennskap til.

Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidlegere ilagt førelegg/dømt for brot på forhold i straffelova om seksualbrotsverk overfor born. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

 

Innhenting på ein-to-tre:

  1. Last ned pilitiattest skjema her.
  2. Søknaden om politiattest fyllast ut av idrettslaget (ferdig utfyllt i nedlasta skjema) og den søknaden gjeld for. I Radøy Manger FK må søkar overlevere søknaden til politiet då dei sjekkar legitimasjon opp mot underskrift.
  3. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
  4. Den søknaden gjeld for, skal framvise sin politiattest til Arne Askeland.

Radøy Manger FK skal ikkje lagre attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn. Personar som ikkje har framvist politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

For meir info om politiattest klikk her.

 

 

Med venleg helsing
Styret i Radøy Manger FK